Review Details

Fluid Film Spray 400 ml.

Product Review (submitted on 13. februar 2016):

Brukte Fluid Film på underhuset til ein påhengsmotor. Hadde jobba heile sommaren med å prøve å få laus skruane, prøvde alle kjente middel som skulle løsne skruar, men fånyttes. Blei anbefalt å prøve Fluid Film. Spraya på, venta 24 timar, ny påspraying, venta 8 timar og prøvde så med fastnøkkelen. Min første reaksjon: Kvifor hadde eg ikkje prøvd (visst om) dette før?
Fluid Film vil alltid vere i mi verktøyboks.